
ÅLESUND 04. SEPTEMBER PÅ FABRIKKEN KULTURSCENE!
Kva skjer når du set Arne Hjeltnes sine skråblikk, historier og heimelaga lyrikk saman med ein kontrabass og ein særs musikalsk sogning?
Det blir både morosamt, varmt og ganske sikkert litt uforutsigbart. Arne Hjeltnes treng knapt nokon introduksjon. Gjennom mange år har han vore programleiar, forfattar, næringslivsmann og formidlar – alltid med den lune humoren og det skarpe blikket for folk, kvardagsliv og dei små absurditetane rundt oss.
Med seg til Fabrikken har han Roger Allan Ivin , ein svært erfaren musikar med ei imponerande merittliste. Roger er blant anna fast musikar saman med Heine Totland og tidlegare bassist i Trang Fødsel. Denne kvelden kjem han med sin akustiske kontrabass, Charlene Chadwick . Det har vore sagt at Roger er ei krysning mellom Heine Totland og Arne Hjeltnes. Det lovar i grunnen godt.
Arne og Roger har gjort mykje moro saman, og kombinasjonen av kontrabass, lyrikk, historier og lun humor har vist seg å fungere forbausande godt. Begge kan halde eit publikum i ånde kvar for seg. Denne kvelden får du begge to – på nært hald i Bar Bakke.
Velkommen til ein uhøgtideleg og underhaldande time med musikk, dikt, historier og to karar som trivst svært godt i kvarandre sitt selskap.
Bar Bakke, Fabrikken Kulturscene, Dørene opnar kl. 18.30 Forestilling kl. 19.30
“Roger Allan omtales som en krysning mellom Arne Hjeltnes og Heine Totland! Han vil garantert sjarmere og underholde deg og dine!”
* Middagsunderholdning
* Konferansier
* Musikalske innslag: duo, trio, band
Foto: Stand Up Norge
"Fantastisk!
Det var varmt, vakkert, gøy og nært. Fint å samarbeide om en sånn event med gode mennesker/artister som ham." - Hege T, Frogn Kommune

"Ved fleire høve har eg vore så heldig å opplevd Roger i Allan Ivin ´live´.
Han er ein svært god musikar som også har godt publikumstekke.
Når eg skulle ha avslutning etter 20 år som forbundsleiar i politiet, valgte eg han som underhaldar. Det vart som venta stor suksess! Roger Allan er svært god."
- Arne Johannessen.
“Alle bør unne seg en kveld med Roger Allan som entertainer! Litt underfundig og veldig underholdende.” - Eve Bergli, Skattedirektoratet.
"Vi hadde Roger som underholdningsinnslag på julebordet. Han skapte en fantastisk stemning med sin tilstedeværelse,
nerve og glimt i øyet. Han briljerte med sang, kontrabass og lekne dikt som fikk alle til å le så tårene rant. Anbefales!»
- Heine Aardalen, Stolt